Kom på sommerleir!

 Det irske folket er det einaste i Festung Europa (EU) som får høve til å røysta over Lisboa-traktaten. EU yndar i festtalene å kalla seg ei demokratisk høgborg, men i røynda er unionen det beste instrumentet i hendene på det europeiske superborgarskapet. Dette borgarskapet har i det siste gjort alt det har kunna for å lempa byrdene av krisa over på arbeidarklassa og allierte.

90 % av Lisboatraktaten er det same som stod i EU-grunnlova, som det franske og nederlandske folket forkasta i 2005. Men denne gongen er det berre irane som får seia si meining. Irane sa nei i fjor, men må røysta om att no på fredag. Dette er ein parodi på demokrati.

 


Reformist- og imperialistpartiet Labour i Storbritannia lova å leggja Lisboa-traktaten  ut til folkerøysting, men braut lovnaden seinare. Toppsjiktet i sosialdemokratiet er leiande i striden mot folkestyre og for aggressiv krigføring i alle europeiske land. Det irske folket må vera like modig som i fjor og avvisa den overnasjonale traktaten som ranar makt frå folk og folkevalde. EU-kommisjonen og kapitalistar som Ryanair set inn ovstore summar for å vinna fram, og det er spreidt flygeblad for traktaten til alle husstandane i den irske republikken. I jamføring har nei-sida i Irland sers lite pengar. Likevel viste ei meiningsmæling i førre veka nei-fleirtal for fyrste gong på ei god stund. Dette gjev von om at folket kan vinna mot makthavarane endå ein gong.

Me oppmodar det irske folket om å gripa dagen og røysta for folkestyre og sjølvstende og mot storkapitalens Europa!

Personvernmelding