• INNLEIING PÅ KPMLS SEMINAR  I JUNI 2007

Rødt vart stifta 11.mars 2007. Det tyder at partiet snart er tre månader gamalt, og det kan vera på sin plass å oppsummera dei tre første månadene av livet til hybriden.

Rødt logo

På samlingskongressen var stemninga stor og forhåpningane til det nye partiet store. Leiinga vart sett saman dels av den gamle AKP-leiinga, dels  av den gamle RV-leiinga og også av nokre nye folk, mest for å trygga representasjon for distrikta og ymse grupper. Ved å stifta Raudt og leggja ned AKP og RV, føretok særlig dei som reknar seg som kommunistar eit val; dei la ned det som likna mest på eit kommunistparti i Noreg.

Med dette tapte ein flere ting, mellom anna:

  • Eit stort og aktivt baseområde i Oslo med eit tresifra tal meir eller mindre aktive medlemer som gjekk på lagsmøte, hadde politiske fellesskap kor dei samordna kampen og spreidde propaganda for kommunismen;
  • Ein missa ein plass å putta unge kommunistar for praksis og vidare teoretisk utvikling (jamvel om den siste var mangelfull dei siste åra);
  • Ein missa eit grunnlag for ideologisk debatt;
  • Ein missa evnene til sjølvberging. 

I byte fekk me kommunistar som var organisert i AKP eit nytt parti som ullent har nemnd kommunismen som mål og kor det er oppfordra til at medlemene skal delta i lag. Det er noko uforpliktande over Raudt, og det er me alt i ferd med å sjå:

  • Det ser ut til å ta lang tid å starta nye lag – der det er starta, er det stort sett på grunnlag av gamle AKP-avdelingar kor styra er middels entusiastiske for dette nye;
  • Leiinga skygger unna ei kvar form for debatt, særleg ideologisk debatt;
  • Det ser ikkje ut til å bli sett i gong nytt studiearbeid;
  • Valkampen er opphøgd frå taktikk til strategi. 

Jan Erik SkrettebergPå universitetet, kor underteikna var den siste lagsleiaren medan AKP ennå fanst, har det enno ikkje vore lagsmøte, tre månader etter vårt siste lagsmøte. Det var eit oppstartsmøte med relativt høgt konfliktnivå kor ”venstresida” tapte og ”høgresida” vann på kjøtvekta. Med venstreside meiner eg gamle AKP-arar der og dei som var der frå Ten folket. Med høgresida meiner eg dominerande personar i dei to-tre siste SST-a i RU og heiagjengen rundt desse. Desse klarte aldri å etablera eit RV-lag på Blindern, men no skal dei altså prøva med Raudt. Etter tre månader har altså ingenting skjedd, sett bort frå ein del ryktespreiing og ei utdeling av etterfølgjaravisa til akp.no, Rødt nytt.Resultatet av denne lediggangen er politisk passivitet, mangel på entusiasme og at dei som vil byggja Raudt, ikkje har nokon plass å putta folk dei på eit eller anna vis skulle koma over og som av ein eller annan grunn skulle vera interesserte i å vera med.

Intern debatt forbode  – særleg om ideologi

Rundt påsketider sendte underteikna og ein kamerat eit brev til Raudt (ut på Raudt-lista) der me peikte på ein del problem ved det nye partiet. Me meinte me hadde rett til dette då me båe hadde arbeidd mot samanslåing og åtvara mot konsekvensane av det. Skrivet ”Et parti på veg til bunns” vakte stort sett fordøming mellom sentrale folk i det nye partiet, også med oppfordringar om at dei som underteikna skulle melda seg ut.

Men me stilte ein del spørsmål me i beste fall vona skulle leia til debatt. Til dømes tok me opp problemet med at der RVs organisasjon tidlegare var verksam utanfor valkampen, var der han eksisterte side om side med AKPs organisasjon. Leiinga klarer ikkje å svara for seg korleis dei skal byggja ei kraft som kan stå for oppbygginga av organisasjonen Raudt. I Raudt sin relativt spede plan er det einaste som er nemnd om organisering, det at medlemene som sagt fortrinnsvis skal delta i lag. Planen nemner ikkje kor ein skal byggja lag (på arbeidsplassar? Tendenslag? Bustadslag?) eller korleis desse laga skal nytta kreftene sine utover kommunevalet 2007. Altså er det berre eit valkampapparat, det som eksisterer no.

Valkamp og parlamentarisk arbeid, i tillegg til den smørbrødlista utan samanheng med politiske enkeltkampar som er stilt av leiinga i Raudt, har det til sams at karakteren i det i all hovudsak er taktisk. Dette har også dei siste 15 åra vore dei tidlegare partia AKP og RV sitt største problem. Dei evna heller ikkje å utvikla nokon strategi, slik eg ser det.

I staden for ei revitalisering av den kommunistiske rørsla i Noreg, har ein fått partiet Raudt – kor deltaktikken med oppbygging av eit valkampapparat for å styrke taktikken for å få merksemd (valkamp), er fremste og einaste tydelege mål. Val til parlamentariske organ som mål i seg sjølv for eit parti som kallar seg revolusjonært! I Raudt er taktikk opphøgd til strategi. 

Raudt har ikkje vald ei reell ny leiing med friske tankar, men har attvald store delar av den gamle leiinga til AKP og RV. Dette er ei leiing som i over 15 år har freista gje restane av ml-rørsla ein ny giv utan suksess. Stort sett har suksessen bestått i å fungera sjølvrekrutterande. No har desse leiingane slått slantane sine saman, og av ein eller annan underleg grunn forventar ein no at det skal gå så mykje betre.  

Denne leiinga klarer ikkje å gripa korkje dagen eller timen. Leiinga for det norske sosialdemokratiet har mista taket på fagrørsla. Dels av di me er så få og små, blir ikkje revolusjonære lenger forsøkt skvisa frå store arbeidsplassar, samfunnsviktige bransjar eller mektige klubbar og fagforeiningar, slik mange vart på sytti- og åttitalet. DNAs organisasjon dominerer ikkje lenger. Praktisk talt finst den knapt. Men å arbeida koordinert for å erobra arbeidarrørsla frå grasrota av, passar ikkje inn i tankeverda til leiinga i Raudt. Det har dei prova i diskusjonane som førte fram mot skipinga av Raudt – dei avviste i praksis ein slik måte å gå fram på og idear om slike planar i ein større skala. Leiinga i Raudt evner heller ikkje å sjå utover kommunevalet 2007. Som einaste parti som konsekvent er mot norsk EU- og EØS-medlemskap kunne Raudt nytta valet i haust til å setja i gong ein større offensiv for å få sagt opp EØS-avtala. Jamvel om sånne tankar vart fremja av NtEU-aktivistar i laupet av samanslåingsprosessen mellom AKP og RV, var dette utelukka for leiinga i Rødt når alt kom til alt. Det Raudt skal driva med utover valkamp, verkar til å vera kommunale budsjett. Ikkje ein gong når Fredsinitiativet vart kastrert av SV i høve til norsk krigsdeltaking i Afghanistan, klarte denne leiinga å ta eit straffespark og stabla på beina ein alternativ og konsekvent antiimperialistisk aktivistfront. 

Eit ungdomsforbund i grus

Ungdomsforbundet RU ligg i grus, og det har ikkje vore framstøytar frå leiinga i vaksenpartia dei siste åra på å attreisa eit sterkt ungdomsforbund. Mímir Kristjansson skryt av mange medlemer, men i realiteten er RU ute av kurs ideologisk og politisk, slit meir med økonomien enn nokon gong (og det seier ikkje lite) og har ikkje noko eksternt propagandaapparat. Den borgarlege organisasjonsmodellen som RU har jobba for å etablera i fleire år no, har sytt for at gjennomtrekken av medlemer er høg og snittalderen låg. Og med leiarmetodane til det noverande sentralstyret i RU går det rett til skogs, for å seia det pent.

Særlig i laupet av den siste tida har RUs sentralstyre og Kristjansson særleg, gjort det flaut å vera med i eit parti som har Kristjanssons heiagjeng som ungdomsorganisasjon. Som ein raudruss på jakt etter russeknuter for å gjera barnslege ting, har Kristjansson på vegner av RU, og dimed heile rørsla RV/AKP/Rødt lagt seg ut med tette politiske allierte som Blitz og Kvinnegruppa Ottar. Kristjansson og det noverande sentralstyret i RU har omdanna biletet av det tidlegare sinte og forbanna RU til å bli ein organisasjon som freista etterapa ein standard arbeidarklasse som eigentleg ikkje finst. Sidan arbeidsfolk etter RUs oppfatning vert støytte av Blitz og Ottar, så prøver RUs sentralstyre med Kristjansson i spissen også å gjera mest mogeleg narr av desse ”yttergruppene”. Gjennom dette gjer ikkje berre RU-leiinga narr av sine eigne medlemer som er aktive anten i Ottar eller i miljøet rundt Blitz. Han gjer det også vanskeleg for oss andre i rørsla å ha eit godt tilhøve til desse miljøa. Lista for å gå ut i media og kritisera eigen ungdomsorganisasjon ligg svært høgt, men Kristjanssons skadelege utspel i media gjer at det er på tide at nokon tek til motmæle.

RU har dei siste åra kraftig degenerert politisk og organisatorisk. Politisk av di det er lite att av det av det sinte RU som trekte til seg forbanna ungdom som ville arbeida mot kapitalisme og imperialisme og for revolusjon og kommunisme (For all del, det finst fleire bra folk i Raud Ungdom, men det er meir på tross av enn på grunn av leiinga). Organisatorisk har RU vore prega av utfrysing og mobbing internt. Dette har vore eit stort problem. Økonomien har vore heilt på styr, og trass i at leiinga skryt av mange medlemer, har me i moderpartia (no eitt parti) ikkje sett mykje til desse, korkje i form av nye medlemer hos hjå oss eller aktivisme elles. Gjennomtrekken av medlemer er høg og snittalderen låg. Noko eksternt propagandaapparat utover heimesida finst heller ikkje. Den borgarlege organisasjonsmodellen med låg medlemsavgift og lite krav til aktivitet i lokallaga er ei av årsakene til dette.

Det er i alle høve ikkje store rekrutteringspotensialet frå eit slikt ungdomsforbund, og det gjev grunn til uro. Eitt av dei svakaste punkta i AKP dei siste åra partiet eksisterte, var at ein fekk kadrar som måtte bli skulerte og utvikla vidare med stor hjelp frå resten av partiapparatet. Heller enn at folk gjekk inn i AKP av di dei var overtydde og stolte kommunistar, vart dei med av di dei ville ha ein politisk tilfluktsstad; ein stad kor dei også fekk grunnleggjande politisk opplæring. Diverre var AKP-leiinga dei siste åra partiet eksisterte for feig til å ta eit oppgjer med den rådande lina i ungdomsforbundet.Det er på tide at fleire enn Ottar og Blitz gjev RU-leiinga så hatten passar. Men leiinga i Rødt kjem neppe på bana for å attreisa eit sterkt ungdomsforbund for sint, antiimperialistisk og revolusjonær ungdom. Dei som sit med makta i RU i dag er til skade for resten av venstresida. Dei øydelegg eit ungdomsforbund som det nesten er umogeleg å rekruttera frå til moderpartiet. Heller er det slik at RU med sine liner i dag øydelegg folk som er med – i tillegg til at dei gjennom sine stupide utspill i media, støyter folk vekk frå ytre venstre.

Men korleis skal me forhalda oss til Raudt?

Dette er et viktig spørsmål. Raudt er for meg ein frontorganisasjon og ikkje tilstrekkjeleg for folk som reknar seg som kommunistar. Kommunistar må framleis kjempa for sjølvstendig organisering og ha som mål å byggja eit nytt kommunistparti i Noreg.

Raudt er ein front, men neppe den viktigaste. Faktum er at Raudt har starta ei vandring i skugganes dal kor partiet  korkje er ein erstattar for SV eller eit revolusjonært alternativ. Partiet er vorte noko midt imellom – utan den herlige friskleiken som RV hadde i parlamentarisk samanheng og i alle høve utan den gode organisasjonen som AKP tidlegare hadde. Løysinga var altså neppe å leggja ned det utskjelte AKP for å få desse organisatoriske evnene over i valfronten. 

Me kommunistar må konsentrera oss om å byggja eit nytt parti. Det partiet kommunistar i staden må konsentrera seg om å byggja no, er:

  • eit parti som vågar kalla seg kommunistisk og som propaganderer for kommunismen;
  • eit parti der marxismen-leninismen blir forsvart som metode for tenking;
  • eit parti som konsekvent forsvarer antiimperialistiske opprør, også væpna;
  • eit parti som systematisk arbeider for å auka oppsluttinga i arbeidarklassen, både kva gjeld sympatisørar og aktive medlemer. Difor må proletariseringskampanjar bli drøfta;
  • eit parti som er bygd opp uavhengig av staten og borgarskapen. Organisasjonen må bli bygd opp økonomisk på oppslutning frå medlemene – statsstøtte kan ikkje vera naudsynt for at organisasjonen skal overleva;
  • eit parti som er prega av god disiplin, kameratskap og arbeidsmoral. Alle medlemer må delta etter evne. Bakvasking og skitne triks for å skvisa ut einskildkameratar kan ikkje tolast;
  • eit parti som systematisk driv agitasjon og studiar med utgangpunkt i røyndomen til undertrykte folk i Noreg; arbeidarklassen, innvandrarar, kvinner, studentar, elevar, osb. 

Starten på eit sånt parti må vera organiseringa og konsolideringa av ml-grupper uavhengige av Raudt. Desse partibyggjande ml-gruppene må, frå byrjinga av, i motsetnad til korleis AKP dei siste 10 åra har fungert, konsentrera styrke berre om nokre få kampavsnitt kor ein kan oppnå kjappe resultat frå og som ein kan rekruttera godt frå. Dette kan ikke bli oppnådd gjennom Raudt og RU. Men det kan bli nådd gjennom verkelege breifrontar i kontakt med mange sinte og unge jenter og gutar. Antikrigsfrontar, antirasistiske frontar, antifascistiske frontar og fagforeiningar med mange unge medlemer.

Personvernmelding