Raud Ungdom (RU) samla seg til landsmøte på Nordseter skole i Oslo helga 11.–13. april 2008. Aktivistar frå KPml var til stades både fredag og laurdag og delte ut studiehefte og flygeblad. Den nye grunnsirkelen vart sers positivt motteke.

Dei fleste ungdomane me møtte, verka opne for å studera marxismen-leninismen. Me fekk svært få negative kommentarar, endå RU i 1998 og 2000 har vedteke klårt reformistiske program som bryt tvert med marxismen-leninismen. 

Det er lenge sidan ein studiesirkel av denne typen har vore spreidd i RU-krinsar. Desto viktigare er det at yngre kommunistar får tilbod om slik skulering. Framskridne rørsler må halda teorien ved like og utvikla han i ljos av samfunnsutviklinga.

Alle hefta vart rivne vekk. Ungdomar som ikkje fekk med seg grunnsirkelen til KPML, kan tinga han gratis frå:
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Personvernmelding