Etterlyst av Gestapo.20 år etter Murens fall kastar framleis den kalde krigen ein lang skugge over minnet om nokre av dei mest offerviljuge og patriotiske motstandsmennene frå andre verdskrigen. Me tenkjer på Osvald-gruppa.

Osvald, eller Asbjørn Sunde som han heitte i det sivile, stod i brodden for sabotasjeaksjonar i tidbolken 1941-44 mot den tyske okkupasjonsmakta i Noreg. Mange av medlemene i gruppa rekna seg for kommunistar. Sunde var sjølv med i NKP og utsending på landsmøtet i 1934. Han organiserte arbeidaridrotten på Horten i Vestfold, skreiv i arbeidarpressa og stridde mot den usosiale fatiglova som tok rettar frå dei arbeidslause. Ekta internasjonalist som han var, fór Sunde til Spania og slæst til forsvar for den demokratiske republikken der. Etter han kom heim, vart han med i gruppa til Ernst Wollweber som organiserte sabotasje mot tyske nazistiske båtar, alt etter upptak frå Sovjet og kam. Stalin. Osvald-gruppa var i krigsåra ein av dei fårlegaste motstandarane til Gestapo. Osvald sjølv var ein rådsnar og handlekraftig mann, ein framifrå militær leidartype. Aksjonane var sers viktige i krigsmotstanden. 21. august 1942 sprengde Osvald-gruppa hovudkvarteret til Statspolitiet i Oslo, og 20. april 1943 gjekk Oslo arbeidskontor i vêret, ein lekk i striden mot arbeidstenesta som alle gode nordmenner hata. I 1942 sprengde dei òg Vestbana og Austbana då Quisling vart utnemnd til ministerpresident. Menn i mørket heiter boki der Osvald sjølv fortel soga om dei dramatiske hendingane. Osvald hadde ikkje eigne politiske ambisjonar, men hadde kontaktar til sume sovjetiske privatpersonar og tenestemenner i Oslo. I 1954 vart han dømd til 8 års fengsel for sovjetisk spionasje. Osvald ottast ny storkrig millom Sovjet og USA og ville førebu seg på nye sabotasjeaksjonar i tilfelle amerikansk okkupasjon. Nokon ukritisk sovjet-tilhengjar var han likevel ikkje. I 1970-åra var han med på solidaritetsarbeid mot fascismen i Spania.

Det er grunn til å tru at norske styremakter planlegg å gjeva Krigskrossen til norske soldatar i Afganistan, ein urettferdig krig. Leif Kjemperud, veteran frå Osvald-gruppa, sa på TV at han ikkje vil ha den medaljen so lenge Noreg er med på ein slik okkupasjon. KPml er samd med Leif: Me er òg sterkt imot norsk støtte til krigen i Afghanistan og forstår godt innvendingane hans mot å taka imot ein medalje frå eit land i urettferdig krig. Likevel fortener dei attlevande veteranane i Osvald-gruppa fullt ut Krigskrossen for innsatsen sin i striden mot nazismen og for Noregs fridom. Heider til Osvald-veteranane, ned med krigen mot fattigfolk i den 3. verda!

Personvernmelding