le="width:100%;height:550px;" class="mceEditor">

KPml har vore samla til årsmøte. Det vart vald eit nytt samordningsutval til å leia organisasjonen, medan Kjell Arnestad held fram som talsperson. Ved sidan av vanlege årsmøtesaker og arbeidsplandiskusjon, var vegen frametter mot kommunistisk organisering i Noreg det mest sentrale.

 

Noreg og resten av Vesten står framleis midt i den økonomiske krisa som har slege ut ulikt i ulike land. USA er eit av dei verst råka landa, medan Noreg har klart seg relativt godt so langt, mykje takka vera oljeøkonomien og råderetten over eigen valutapolitikk. Hellas er eit døme på korleis eurolanda slit når nedgangen kjem og dei ikkje har normale tiltak til rådvelde. Kapitalismen har spela fallitt, men det er ikkje nok til eit fullstendig samanbrot om ikkje motkraftene er sterke og organiserte. 

Arbeidsløysa er høg i Europa og aukar òg her heime. Kapitalismen nyttar krisa til åtak på faglege og sosiale rettar. Vi ser til dømes alt no korleis pensjonar og sjukeløna skal kuttast. Resultatet kan verta ein radikalisert og meir medviten arbeidarklasse, og det er difor viktug at kommunistar er oppgåva si vaksen. Vi ser òg forbod mot kommunistiske symbol og organisasjonar i ein del land. «Ei krise er kommet tilbake, og den banker først på en arbeiders dør», heiter det i songen. Om ho ikkje bankar der fyrst, bankar ho i alle fall hardast på arbeidaren si dør.

 

Imperialistmaktene, inkludert Noreg, driv framleis krig i mellom anna Irak og Afghanistan. Som antiimperialistar står vi på dei undertrykte si side i kampen mot «våre» soldatar. Ansvaret er den norske regjeringa sitt, som gjennom NATO opptrer som USAs leigesoldatar.

 

«Krigen mot terror» gjev seg òg utslag i auka rasisme og muslimhets her heime. Ytringsfridomen vert misbruka ved at aviser trykkjer Muhammed-teikningane utan anna føremål enn å provosera muslimar, og reaksjonane til nokre få vert nytta til å gjera hetsen endå sterkare. Kommentarfelta i nettavisene fløymer over av rasisme, utan at korkje redaksjonane eller styresmaktene reagerer. «Ytringsfriheten er fundamental i Norge», seier utanriksministeren om teikningane, før han neste dag uttalar om éin muslim si utsegn om homofile: «– Det er etter mitt skjønn en avskyelig uttalelse. Han beveger seg helt i grenseland for hva det skal være mulig å si.» Trekka finn vi att i heile Europa, og åtaka på muslimar og deira skikkar kjem frå både styresmaktene og gjennom media. Som ateistar kritiserer vi religion for å gjera klassemotsetnadene uklare, men vi må vera minst like kritiske til rasismen som ein midel til å venda dei undertrykte klassane og grupper innan klassane mot seg sjølve i staden for mot borgarskapen. 

 

Klimaproblema er eit anna område kor kapitalismen gjev dei gale svara. Innskrenkingar av forbrukarane sin fridom, høge avgifter og skattlegging av vanleg forbruk er det som hjelp minst. Samstundes pumpar Noreg opp so mykje olje og gass som mogleg. Dei omsettelege (og delvis gratis) klimakvotane er ei ny vare som vert misbruka av dei rike landa slik at dei kan halda fram sine høge utslepp medan tredje verda vert halde attende. Verda og arbeidarklassen treng organiserte kommunistar meir enn nokon sinne. 

Personvernmelding