Både i Raud Ungdom og i Raudt er det reist framlegg om eksklusjon av medlemer som òg er medlemer av gruppa Tjen folket (TF). Desse medlemene skal ha plaga organisasjonane med brysame ordskifte, serskilt om ideologiske spørsmål, som leiingane ikkje vil ha.

Både Raudt og RU har formelt det klasselause samfunnet, kommunismen, som mål i programma sine. Det skulle vel tyda at dei ordskifta kommunistar freistar driva skulle vera stuereine i det nye partiet og i ungdomsorganisasjonen? Ikkje minst er det mange frå det nedlagde AKP som framleis reknar seg som kommunistar, i Raudt. Men fleirtalet i leiingane, dei som for lengst har lagt ut på den reformistiske vegen mot sosialdemokratiet og parlamentarisk makt, vil gjera alt dei kan for å kasta dei som aktivt vil forsvara kommunistisk teori og organisering, ut av partiet, om dei ikkje vil halda tyst.

Skuldingane mot medlemer av Tjen folket om illojalitet er vikarierande grunnar. Det er vel kjend at det finst eit utal av retningar i Raudt og RU, og om ikkje leiingane vil desimera medlemstalet, må dei tillata linekamp. Leiarklikken arbeider for å gjera Raudt til eit venstreradikalt, reformistisk parti som kan overta SVs rolle på den parlamentariske scena. Då høver det dårleg å ha kommunistar som ikkje vil teia stille i rekkjene.

Kommunistisk plattform ser Raudt som eit hovudsakleg reformistisk prosjekt, og Tjen folket som eit døme på at vegen fram for marxist-leninistar ikkje går gjennom freistnad på å ukritisk klona ein dårleg kopi av fortida sitt AKP. Likevel er det TF som klarast har freista fremja ordskifte om retninga for den tidlegare ml-rørsla. Og KPml ynskjer alle slike ordskifte velkomne, i eller utanfor Raudt.

Fråsegn frå Samordningsutvalet i KPml, mai 2008 

Personvernmelding