Carlos Latuff, 2008Israel er på ny i gang med massakrar på palestinarar i Gaza, nokre av dei verste sidan 1967. Israel bryr seg ikkje om at born i alla aldrar utgjer ein stor del av dei langt over 100 drepne.

Som kjend er staten Israel bygd opp gjennom krigsbrotsverk heilt sidan tidleg på 1900-talet då sionistiske terrorceller byrja drapa på palestinarar. Fleire av desse mordarane vart statsministrar etter opprettinga av Israel. Og dei heldt fram med massakrane, både i Palestina og i Libanon. Lat oss gjera det heilt klart: Palestinarane sin kamp mot den israelske okkupasjonsmakta er ein legitim og rettferdig krig! Utbygginga av busetjingar på okkupert land held fram. Skulle då palestinarane leggja ned våpna og be om fred? Nei, det einaste som kan redda Palestina er at palestinarane får våpna dei treng for å forsvara seg sjølve.

Gaza er styrd av den folkevalde Hamas-regjeringa. Av di fleirtalet av palestinarane ikkje røysta rett, tykkjer Israel, USA, Noreg og Vesten elles det er rett å ikkje forhalda seg til den valde regjeringa. PLOs president Abbas braut av ”fredsforhandlingane” med Israel for ein dag før han igjen ville gje Israel tilbod om våpenkvile, og det på ein del av Palestina som han ikkje har nokon kontroll over.

Gaza vert kalla verdas største konsentrasjonsleir. Innbyggarane er stengd inne mellom israelske murar og grensa mot Egypt, som Egypt har stengd for å gjera seg til lags med USA og Israel. Gaza har lite vatn og endå mindre mat, og det bur fem millionar på eit område som alt for 3500 år sidan var ein audsleg egyptisk utpost som berre kunne fø nokre få landsbyar. Vi er diverre vande med israelske massakrar på palestinarar, drapstale gjer ikkje inntrykk lenger etter 60 år med slike nyhende. Likevel er okkupasjonen av Palestina den klaraste uretten i verda, og likevel er Vesten like venleg innstilt overfor Israel.

Ikkje minst det Israel-venlege Noreg. Den ”raudgrøne” regjeringa formanar Israel i ord, men fraterniserer i praksis. I 2006 investerte Statens pensjonsfond utland, eller Oljefondet, ein halv milliard kroner i israelske statsobligasjonar. Oljefondet har investert hundre millionar kroner i obligasjonar i det israelske elektrisitetsselskapet IEC, som så å seia er heileigd av den israelske staten. Dette selskapet straffar palestinarane ved stadig å kutta straumforsyninga.

Les meir om norske bidrag til Israel her: 

Kommunistisk plattform (KPml) oppmodar til full boikott av raseskiljestaten Israel. Trekk norske investeringar ut og forby handel med israelske selskap. Inntil Israel trekkjer seg ut av alle okkuperte delar av Palestina og gjev like rettar til alle innbyggarar, uansett herkomst, bør Noreg arbeida for å isolera staten. Bryt det diplomatiske sambandet no!

Personvernmelding