Kommunistisk Plattform (KPml) krev forbod mot fascistisk organisering og vil utfordre media i Noreg til å dekke kampen mot fascismen heller enn å vidareformidle terroristen sin ideologi for open scene. Det seier talsperson i KPml Torstein Skarbø i ei pressemelding.

Torstein Skarbø er talsperson for KPML.– Media har ikkje plikt til å skape ein arena for fascismen. Dei har ikkje plikt til å prente propaganda frå korkje terroristen av 2011 eller hans like. Deira samfunnsplikt er ikkje å gjera det, seier Skarbø, og minner om at Noreg er bunden av FN sin konvensjon mot rasediskriminering som krev forbod mot rasistisk og fascistisk organisering og propaganda.

– Vi har sett lenge korleis denne rettsaken vil foregå, og det som no utspiller seg i hovudstaden er i sterk kontrast til det dei falne i kampen mot fascismen fortener, held han fram. Det er ein falsk avideologisering som foregår. – På eine sida formidlar media fascistens fascistiske agenda i stor skala, på den andre sida fokuserer dei på terroristens psyke og frikoplar den frå den fascistiske ideologien han er inspirert av. Vi kan ikkje være med på at den kriminelle ideologien som ligg bak terroren frå i fjor sumar, som no har fleire tilhengarar i landet, i praksis vert «frikjend» medan fokuset berre vert på terroristen og hans person.

Dei ekstreme rasistiske og fascistiske miljøa som EDL og SIAN har ikkje gått i dvale, dei opptrer ope med markeringar sjøl no midt under rettssaka mot ein fascistisk mentor og mordar. Dette er kretser som lar seg oppmuntre av terroristen sin ideologiske bodskap, sjølv om nokre av dei meiner han gjekk «noko langt». Tankesettet er det same.

Aftenposten er eit av presseorgana som ord for ord formidlar fascistpropagandaen i ytringsfridomen sitt namn.Aftenposten er eit av presseorgana som ord for ord formidlar fascistpropaganda i ytringsfridomen sitt namn.Media har ikkje plikt til å skape ein arena for fascismen. Dei har ikkje plikt til å prente propaganda frå korkje terroristen av 2011 eller hans like. Deira samfunnsplikt er ikkje å gjera det, seier Skarbø.

Noreg har slutta seg til pdfFN sin konvensjon mot rasediskriminering som eksplisitt forpliktar partnarane til å «erklære ulovlig og forby organisasjoner og organisert og annen propagandavirksomhet som fremmer og tilskynder til rasediskriminering og erklære som straffbar handling deltakelse i slik virksomhet eller slike organisasjoner;» (artikkel 4 b).

Det er ille nok at norske styresmakter ikkje etterlever konvensjonen. Men òg norsk presse må vere medvite ansvaret sitt som formidlar av meiningar i forakt for FN sin konvensjon.

Kommunistisk plattform oppmodar alle til å konfrontere fascismen overalt kor den syner seg, held Skarbø fram: – Vi vil utfordre norske media til å vie spalteplassen og skjermtida til alle dei som kjempar mot fascismen
heller enn sirkus om rettsaka mot terroristen. Alle framtidsretta og progressive krefter må stå saman i denne kampen. Ikkje minst fagrørsla og arbeidarrørsla, som er fascismens framste angrepsmål, må endå meir aktivt
konfrontera fascismen. Lat oss alle stå saman i kravet om forbod mot fascistisk organisering, avsluttar han.

Personvernmelding