KPml har vedteke denne fråsegna i høve den svoltestreikande, ulovleg pågripne, fotballspelaren Mahmoud al-Sarsak:Markering på fotballbana for Mahmoud al-Sarsak - Fair Play i praksis

No, berre få dagar før Europameisterskapen i fotball for menn, er den 25 år gamle palestinske fotballspelaren Mahmoud al-Sarsak døden nær etter ein over 70 dagar lang svoltestreik i illegal israelsk forvaring.

Mahmoud al-Sarsak er ein palestinsk fotballspelar frå Gaza som har blitt holdt fengsla utan anklage eller rettssak sidan 22. juli 2009. Han har sultestreika sidan 24.mars 2012, over 70 dagar. Sarsak var på det palestinske landslaget før han vart arrestert for 3 år sidan. Han er einaste fange i israelske fengsel som er innesperra som "ulovleg stridande". al-Sarsak har ikkje vorte stilt for nokon domstol, er ikkje presentert for nokre "prov" mot seg, og krev derfor å løyslatast.

Kommunistisk plattform fordømmer pågripinga og handsaminga av Mahmoud al-Sarsak og andre palestinarar i administrativ forvaring. Vi fordømmer den ulovlege blokaden av Gaza og den folkerettsstridige okkupasjonen av Palestina. Apartheidstaten Israel må umiddelbart stoppe den illegale praksisen med administrativ forvaring, trekke seg ut av okkupert område og heve blokaden av Gaza.

Norske myndigheiter må enda klarare seie frå at slik oppførsel ikkje lenger kan tolererast. Noreg må gå føre og sette makt bak orda. Inntil apartheidstaten startar å innfri desse og liknande krav og tar grep for å sikre alle palestinarar demokratiske rettar såvel som grunnleggande menneskerettar, mat, medisinar og tryggleik, må Noreg bryte diplomatiske band med Israel. Vi kan ikkje ha normale diplomatiske band til ein slik røvarstat. Vi må vise at apartheid ikkje tolast.

I 2013 er apartheidstaten Israel tildelt U21 meisterskapen i fotball for menn. Den avgjerda må gjerast om. Om det ikkje skjer må Noreg trekke si deltaking. Så lenge Mahmoud al-Sarsak og andre palestinarar ikkje kan spele fotball og leve som frie menneskje kan ikkje vi ta del i ei slik turnering på israelsk jord.

KPml - Bergen 01.06.2012

Fråsegna vil verte sendt til den Israelske ambassaden, norske myndigheiter, fotballforbundet og idrettsforbundet. For den som vil lese meir, og engasjere seg for al-Sarsak og Palestina tilrår vi desse lenkene; Underskriftskampanje for Sarsak, skriv under her. Flytt Europameisterskapen i fotball, menn U21, skriv under her.

Personvernmelding