Under påskot av “kampen mot terror” og “den islamske fåre” og med 22 juli 2011 som bakteppe går leiande krefter innan styresmaktene og politiet inn for å gje PST og politiet lettare og vidare tilgang til overvaking.

Politiet vil ha meir våpen og utvida fullmakter.Framlegget går i denne omgang ut på at rom- og telefonavlytting og kontroll av datatrafikk skal kunne iverksetjast frå PST si side utan domsstolsprøving på førehand. Dette vil vere ei kraftig utviding av regelverket for overvaking, og vil i stor utstrekning flytta grensene for kven som kan overvakast og på kva for grunnlag dette kan skje.

I dag er det naudsynt med domstolsprøving av kvart einskilt tilfelle av rom-, telefon- og datakontroll på førehand. Utan at dette korkje har hindra overvaking på politisk grunnlag eller overvaking av folk mistenkte for t.d. terrorplanleggjing eller narkotikabrotsverk, so er det trass alt eit formelt regelverk som skal hindra at overvaking blir iverksett heilt vilkårleg.

Vidare pressar dei same kreftene innan styringsverk og politi på for å få til konstant personleg væpning av samtlege politifolk i landet. Dette er i røynda eit framlegg som for alle praktiske føremål allereie er iverksett, då det no i lengre tid har vore sokalla “framskoten lagring” av både maskinpistolar og automatpistolar i nær sagt alle politiet sine patruljebilar, og no er det og då vedteke at Utrykningspolitiet sine kjørety skal utrustast på same viset.

Samstundes med dette framlegget om konstant væpning med skytevåpen so har det vorte innført andre våpen som no vert bore i det daglege av samtlege politifolk i teneste. Dette dreier seg om peparspray og teleskopbatongar i metall. Desse våpna vert av det norske politiet framstilt som “ufårlege“ og som “defensive forsvarsmiddel”. Dei er likevel ikkje meir “ufårlege” enn at t.d. peparspray berre er tillete brukt mot angripande dyr og forbode brukt mot menneske av styresmaktene i Tyskland og eit tiltals amerikanske delstatar grunna døds- og helserisiko.

Personvernmelding