Stogg fascistpropagandaen - omtal kampen mot fascismen

Kommunistisk Plattform (KPml) krev forbod mot fascistisk organisering og vil utfordre media i Noreg til å dekke kampen mot fascismen heller enn å vidareformidle terroristen sin ideologi for open scene. Det seier talsperson i KPml Torstein Skarbø i ei pressemelding.

Torstein Skarbø er talsperson for KPML.– Media har ikkje plikt til å skape ein arena for fascismen. Dei har ikkje plikt til å prente propaganda frå korkje terroristen av 2011 eller hans like. Deira samfunnsplikt er ikkje å gjera det, seier Skarbø, og minner om at Noreg er bunden av FN sin konvensjon mot rasediskriminering som krev forbod mot rasistisk og fascistisk organisering og propaganda.

Les mer: Stogg fascistpropagandaen - omtal kampen mot fascismen

Landsmøtet i KPML: – Kamp mot krise, krig og fascisme

Kommunistisk plattform – marxist-leninistene (KPML) har avholdt landsmøte. Landsmøtet kunne oppsummere god framgang for organisasjonen, som det siste året har utvida sin aktivitet til flere nye fylker.

KPML har særlig markert seg i kampen mot imperialistisk krig og med krav om forbud mot fascistisk og nazistisk organisering.

KPML logoEn ny sentralledelse ble valgt med Torstein Skarbø som talsperson.

Organisatorisk og politisk samordning av marxist-leninistene i Norge er fremdeles hovedfokuset for KPML. KPML oppfordrer til aktiv dialog, aksjonsenhet og samhandling kommunister imellom for å gjenreise et marxist-leninistisk kommunistparti i Norge.

Kommunistene i Norge må overvinne sekterismen og fokusere på arbeiderklassen og oppgaven med å forberede til det endelige oppgjøret med kapitalismen; den sosialistiske revolusjonen.

Les mer: Landsmøtet i KPML: – Kamp mot krise, krig og fascisme

IMF-motstanden aukar

Opposisjonen hadde god framgang i det irske valet. Ikkje minst Sinn Fein, partiet som fremjar irsk frigjering og sameining, vart større. Regjeringa gjekk på eit dundrande nederlag. IMF krev høgre skatt, mindre sosiale gode og kutt i lønene. Folket har sagt klårt ifrå kva dei meiner om det! Opposisjonen har kravd respekt for irsk nøytralitet og vakthald om nasjonal suverenitet. Til liks med mange andre europeiske folk i dag viser irane motstand mot IMF, EU og NATO.

Vedteke av KPmls årsmøte 2011.

Framgang for dei progressive rørslene

blair_gadaffiEin frigjeringsvind sveiper i desse tider over dei arabiske landa. Folket i Tunisia, Egypt og Libya har vist at den revolusjonære æraen ikkje er slutt. Gamle borgarlege diktatur, halvføydale i karakteren, fell over ende – dei har aldri bygt på stønad frå dei arbeidande massane, men frå supermakter og vestlege stormakter. Den styrande klassa har levt eit luksusliv medan underklassa, byarbeidarar og fattigbønder, har sliti seg gjennom på sveltegrensa. Stigande råvareprisar og veksande motstand med Vestens imperialisme er grunnlaget lagt for opprør og revolusjonar.

Me vonar at folket ikkje nøyer seg med å byta ut ein eineherskar med eit nytt diktatur kledd i parlamentarisk drakt. Heller ikkje islamistane kan by fram eit styresett som peikar framover. Vonleg kan opprørarane greia å sameina den heimlege revolusjonen med ideala frå sosialismen. Striden står no mellom folkedemokrati, eit nytt demokrati med parlamentarisme og borgarleg diktatur, eller islamisme. Imperialistane vil gjera alt dei kan for å stela sigrane folket har vunni.

Les mer: Framgang for dei progressive rørslene

Personvernmelding