- Detaljer
-
Kategori: Fråsegner og intervju
-
Opprettet torsdag 18. mars 2010
-
Treff: 5419
le="width:100%;height:550px;" class="mceEditor"> KPml har vore samla til årsmøte. Det vart vald eit nytt samordningsutval til å leia organisasjonen, medan Kjell Arnestad held fram som talsperson. Ved sidan av vanlege årsmøtesaker og arbeidsplandiskusjon, var vegen frametter mot kommunistisk organisering i Noreg det mest sentrale.
Noreg og resten av Vesten står framleis midt i den økonomiske krisa som har slege ut ulikt i ulike land. USA er eit av dei verst råka landa, medan Noreg har klart seg relativt godt so langt, mykje takka vera oljeøkonomien og råderetten over eigen valutapolitikk. Hellas er eit døme på korleis eurolanda slit når nedgangen kjem og dei ikkje har normale tiltak til rådvelde. Kapitalismen har spela fallitt, men det er ikkje nok til eit fullstendig samanbrot om ikkje motkraftene er sterke og organiserte.
Les mer: Kommunistisk plattform – marxist-leninistane har halde årsmøte
- Detaljer
-
Kategori: Fråsegner og intervju
-
Opprettet fredag 14. august 2009
-
Treff: 5387
Valet 2009 er eit val mellom ulike borgarlege og reformistiske parti og liner som alle representerer borgarskapen sine interesser.
KPml stør ingen serskilte parti i valet, av di ingen av dei målber arbeidarklassen sine interesser eller kampen for sosialismen. Fleire parti har gode saker, men ingen bryt med kapitalismen. Politisk kamp for arbeidarklassen må i dag i hovudsak førast utanom dei parlamentariske organa. Likevel kan det vera rett å stø initiativ i valkampen som reiser kampen mot krisa i kapitalismen, mot krig og imperialisme, for faglege og andre viktuge krav for arbeidarklassen.