jakkemerke-gjennom-ord1Nynorsktiltaka får reduserte midlar i regjeringa sitt framlegg til Statsbudsjett for 2015. Kan hende ikkje anna å vente av ei regjeringa der ingen statsrådar skriv nynorsk. 

 

 

Den språklege sida til det fyrste blåblå budsjettet hallar i ei viss lei:
Nynorsktiltaka får reduserte midlar, medan riksmålstiltak som Det norske akademis ordbok får kraftig auke, 15 millionar. Kanskje ikkje så underleg det sidan riksmålet ofte har hatt mest sympati i høgre- og Frp-krinsar. Det norske akademiet for språk og litteratur og Kunnskapsforlaget styrer prosjektet med å gje ut ei framtidig modernisert riksmålsordbok. Dette skjer i privat regi og i eit kommersielt forlag. Dette er vel òg drag som høver bra med høgreideologien. Norsk Ordbok, som ved Universitetet i Oslo og NTNU har levert omfattande ordstudium frå nynorsken og dialektane, får berre driva litt ut i 2015 før nedlegging. Vidareførd drift og oppdatering er det ikkje opna for i budsjettet. I digital form vil berre delar av alfabetstrekket, dvs. i-å, vera tilgjengeleg. Dette er ei utruleg sløsing med mykje kompetanse som går til spille.

I kulturbudsjettet for 2015 er nynorskdelen til saman 2,6 %, medan for femten år sidan gjekk 3,4 % til nynorsktiltak. Dersom nivået frå 2010 skal halda seg oppe, trengst det 70 millionar attåt.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar samlar bortimot ein fjerdedel av alle kommunane i Noreg. LNK driv naudsynt opplæring og tilrettelegging for nynorsk i alle medlemskommunane. Med kommunereforma i sikte er det spesielt ille at LNK no vert kutta heilt ut av statsbudsjettet. Det er med slike nettverk at motstand mot nedlegging av lokale kontor og privatisering kan ta form. Distriktskommunane har ofte markert seg mot ein del av politikken til liberalistane i sentrale strok.

Kraftig redusert pressestøtte er ein del av dette same biletet. Pressestøtta gagnar m.a. dei avisene som slepper nynorsken til i spaltene sine. Dei store, annonsefinansierte avisene har vore lite viljuge til å gje grønt ljos til nynorsk.

På teaterfronten aukar differansen i løyvingar mellom Nationaltheatret og Det Norske Teatret. Med 2015-budsjettet på plass er det heile 24 millionar som skil desse teatra, som skulle vera jamstelte riksscener.

Regjeringa i dag har ingen statsrådar som skriv nynorsk, og det er ikkje veldig overraskande at eit blåblått statsbudsjett gjev slike utslag som det som er skildra her. Det høyrer med til soga at nynorskdelen i kulturbudsjettet minka òg under dei raudgrøne. Berre sterkt grasrotarbeid på brei front kan hjelpa nynorsken fram.

Personvernmelding