roedtDet stundar mot eit nytt val der dei politiske skillelinene er mindre enn nokon gong. For å gjere valkampen enda meir keisam enn vanleg, vil NRK stengje partiet Raudt ute frå partileiardebatten og valgomaten sin. Dette er ikkje anna enn eit nytt åtak på demokratiet.

Ikkje av di Raudt utgjer noko trugsmål mot det rådande systemet – partileiinga vil stø Ap i håp om at Raymond Johansen skal bringe dei inn i byrådsvarmen i Oslo Rådhus. Valretorikken til Raudt er nær likelydande med den til SV for nokre år tilbake.

Men Raudt har framleis nokre talsmenn og -kvinner som tar klårt parti for arbeidsfolk i konflikt og som sett seg imot krigspolitikken og norsk imperialisme. Det åleine er visst for mykje for Natos Rikskringkasting, sjøl i eit lokalval.

Dei herskande idéane i samfunnet er den herskende klassen sine idéar. Hovudproblemet i den norske politiske debatten er at dei kreftene som slåss for revolusjonær endring og eit samfunn der arbeidarklassen har den politiske makta, kommunistane og dei revolusjonære, aldri kjem til orde.

Like fullt stør me fullt ut det demokratiske kravet om at Raudt (og for den del òg eit parti som NKP, med lengre historiske tradisjonar enn dei fleste av stortingspartia) må få ta del i noko så sjølvsagt som ein partileiardebatt føre eit kommuneval. Alle progressive må freista verna restane som enno er att av det borgarlege demokratiet.

Personvernmelding