35 år sia AKP (m-l) vart stifta

Sigurd Allern og Pål SteiganDå Arbeidernes kommunistparti, marxist-leninistene, (AKP (m-l)) vart offisielt skipa, 18. februar 1973, var det uttrykk for at tendensen med byggjing av kommunistiske parti inspirert av serleg dei kinesiske og albanske kommunistane sin kamp mot dei krustsjov-revisjonistiske partia, den sovjetiske sosialimperialismen og dei revisjonistiske statane i Aust-Europa, og radikaliseringa av ungdomen i Vest-Europa, òg for alvor var komen til Noreg. 

AKP (m-l) var resultat av fleire år med diskusjonar og harde politiske kampar i og omkring partia SF/SUF og NKP, der SUF (m-l) og ulike ml-grupper dreiv ein ideologisk og organisatorisk einskapsprosess for å skipa eit nytt kommunistparti til erstatning for det revisjonistisk degenererte NKP.

Det nye partiet var frå starten av prega av stor entusiasme og offervilje, og det hadde allereie ved skipinga  ein relativt sterk og landsfemnande organisasjon. I løpet av kort tid vart det bygd opp undomsorganisasjonar, Raud Ungdom (RU) og Noregs  Kommunistiske Studentforbund (NKS), og ein rad med ulike masseorganisasjonar og frontar som var politisk inspirert av den nye kommunistiske rørsla. Det parlamentariske arbeidet vart allereie frå 1973 organisert i valfronten Raud Valallianse (RV), då AKP (m-l) grunna protestar frå ”NKP” ikkje fekk stilla til val under sitt eige partinamn. Partiet satsa på å byggja ulike partiverksemder som hadde som føremål å stø den politiske kampen. Partiet bygde òg opp si eiga avis, Klassekampen, som etter stor innsats frå medlemene vart dagsavis frå 1977.

AKP (m-l) voks til i ei tid med oppsving i klassekampen på arbeidsplassane (m.a. ”ville streiker”) og drog ofte nytte av det. Samstundes evna partiet å verka drivande i nett denne situasjonen og var i praksis leiande i fleire streikerørsler som direkte utfordra klassesamarbeidspolitikken og sosialdemokratiets fram til då totale hegemoni i fagrørsla og på arbeidsplassane. Takhøgda i dagens LO kan ein difor i stor grad takka kommunistane for, i fyrste rekke dei som var organisert i og rundt AKP på 70-talet. Mange av dei betalte dyrt i form av yrkesforbod og permanent overvaking.

AKP (m-l) hadde klåre og tydeleg formulerte politiske mål,  ein revolusjonær taktikk for å nå måla, og det kommunistiske samfunnet som strategisk målsetjing.  Partiet var organisert etter den demokratiske sentralismen, og opptrådde einskapeleg og disiplinert. Grunna denne organisasjonsstrukturen, og dei klåre politiske måla som vann oppslutning hjå relativt store grupper av ungdom, hadde ml-rørsla utover på 70-talet stor politisk og organisatorisk framgang og vokster.

Rørsla utvikla eit rivande anti-imperialistisk arbeid og innførde til då mest ukjende ord som «imperialisme», «sionisme», «reformisme» og «revisjonisme» i det norske politiske vokabularet. På kulturfronten greide rørsla å utvikla ein progressiv klasseorientert og folkeleg, tradisjonelt basert kultur som var eit direkte motstykke til den kommersialiserte massekulturen. Vømmøls klare klassesongar vart t.d. folket sine favorittar på Norsktoppen. Ml-forfattarar sette preg på kulturlivet og freista gjenoppliva ein sosialistisk realisme (misvisande kalt sosialrealisme, som er noko anna).

Kort sagt: Ml-rørsla var den fyrste alvorlege utfordringa som borgarstaten og sosialdemokratiet hadde møtt sidan 50-talet. Og, som vi veit, tok klassestaten sine åtgjerder (jamfør Lund-rapporten).

Den norske ml-rørsla fekk større innverknad, var sterkare og eksisterte i lengre tid enn dei fleste tilsvarande systerpartia i Vest-Europa. Det er serleg tre hovudgrunnar til dette. 1) Partiet tok aktivt del i og stilling til alle delar av klassekampen i Noreg, 2) Partiet  gjennomførde ei proletariseringskampanje som styrka det organisatorisk i arbeidarklassen, 3) Partiet diskuterte og utvikla ny politikk på bakgrunn av erfaringane frå klassekampen og ut frå tilhøva i Noreg.

I tillegg kan det diskuterat om ikkje partiet i praksis stod for klårt leninistiske organisasjonsprinsipp, ikkje maoistiske (det var lite rom for fleire motstridande liner og ”hundre tankeretningar” i AKP). Dette i motsetnad til dei ml-maoistiske systerpartia i Norden, som lét motseiingane og fraksjonane bløma i sine rekkjer.

Partiet utvikla politikk og liner på dei fleste av klassekampen sine område. Denne politikken vart  so nytta på dei ulike klassekampavsnitta som partiet deltok i, i den sokalla dagskampen, som skulle danne grunnlaget for og utvikle den strategiske kampen for eit sosialistisk samfunn. Kampen på desse ulike klassekampavsnitta, dagskampen, var ein av partiet sine framste politiske  styrkar utover på 70-talet. Blant dei ulike områda som det serleg vart utvikla politikk på, kan det vera rett å nemna ungdomspolitikk, det nasjonale spørsmålet i Noreg, politikk for distrikta og primærnæringane, fagleg politikk og kvinnepolitikken. Det må vera rett å seia at partiet satsa sterkare på politisk praksis enn på politisk teori, og partiet hadde som klår line at teorien skulle fungera som rettesnor for politisk handling. Deltakinga i klassekampen sine ulike område, studieverksemda, diskusjonane, den politiske praksisen i frontar og masseorganisasjonar og fagforeiningar,  alt hadde som grunnlag den overordna strategien med etablering  av det proletariske diktaturet (sosialismen) og byggjing av det klasselause kommunistiske samfunnet.

Utover på fyrste halvdel av 80-talet var dette biletet i endring. Internasjonalt fall mange av dei ”nye kommunistpartia” saman. Dette hang saman med at det viktigaste internasjonale førebiletet forsvann, i og med dei store politiske endringane som skjedde i Kina etter Mao sin død, og kontrarevolusjonen som vart gjennomført der frå 1978. Desse omveltingane i Kina gav opphav til ei splitting i den unge internasjonale marxist-leninistiske rørsla, der eit fleirtal av AKPs tidlegare systerparti brøyt med Kinas kommunistiske parti og særleg kritiserte den sokalla «teorien om dei tre verdene». Dei fleste støtta dimed den albanske kritikken av KKP. AKP heldt likevel fram som om ingenting var hendt, og fastheldt at Kina framleis var sosialistisk. Dei som våga hevda noko anna vart slege hardt ned på, og partiet motsette seg utover på 80-talet fleire gonger å ta ein partidiskusjon  om utviklinga i Kina, sjølv om dette vart reist som framlegg båe frå einskildmedlemer i partiet, og frå NKS. Den omfattande albanske kritikken av KKP, tre verder-teorien med meire vart aldri lagd fram til open diskusjon i partiet.

Samstundes med dette synte det seg frå tidleg på 80-talet sterke ideologiske motseiingar i partiet på sosialismesyn  og partimodell. Som ein konsekvens av at desse motseijingane ikkje vart handsama i organiserte politiske former gjennom ordskifte i avdelingane,  vart partiet på denne tida  meir og meir fragmentert  politisk og organisatorisk.  Det som hadde vore ei av partiet sine sterkaste sider, dagskampen, utvikla seg soleis til å verta eit av partiet sine største problem. Dette slik at dei miljøa som arbeidde innanfor dei ulike dagskampavsnitta etter kvart berre utvikla politikk på og lojalitet til ”sine” arbeidsfelt og kampområde, og det som hadde vore partiet sine sentrale målsettingar og strategi kom meir og meir i bakgrunnen. Framfor å vera eit parti for klassekamp og kommunisme, vart partiet eit parti for dei ulike klassekampavsnitta og for dagskampen. Dette styrkte m.a. stillinga til eit framvaksande sjikt av heiltidsløna tillitsvalde i det faglege apparatet, som gradvis utvikla seg i reformistisk retning – seinare kjend som ”fagleg høgre”. Revisjonismen fekk soleis meir og meir tak på politikk og organisasjon utover på 80-talet, og reformistiske krav og retningar byrja koma framfor revolusjonære. Partiet si rolle som tydeleg revolusjonsberar forsvann, og med ho forsvann og meir og meir poenget  med medlemskap for det einskilde partimedlem. Arbeidarane i partirekkjene vart færre, medan småborgarar og intellektuelle mellomlag meir og meir dominerte klassesamansettinga, Som ei summarisk og stikkordsmessig gjennomgang av den politiske utviklinga i AKP i denne perioden, kan ein her m.a. nemna:  Kina vart  halde fram som eit sosialistisk samfunn trass i at arbeidskrafta atter berre var redusert til ei vare, det vart offisiell kinesisk politikk at det måtte verta større økonomiske skilnader mellom folk,  folkekommunane vart avvikla og prostitusjonen florerte. Vidare  voks det  fram  illusjonar i høve til korleis ein kunne byggja sosialismen i Noreg, det vart eit svakare grep om forståinga av det borgarlege diktaturet si rolle, den demokratiske sentralismen vart meir og meir erstatta av ein byråkratisk variant då grunnorganisasjonane fekk ei mindre rolle, politikken vart meir og meir utforma i dei ulike utvala, organisasjonsvern og tryggjingspolitikk vart nedprioritert og motarbeidd, det utvikla seg ein negativ organisasjonskultur med tidvis harde slag og tette skott mellom dei som  var ”innanfor” og ”utanfor” i høve til partileiinga. Motseiingane på partimodell og sosialismesyn  heldt òg fram utover heile 80-talet, og det var større og mindre utmeldingar frå partiet i samband med landsmøta både i -84, -88 og -91. Desse motseiingane var òg den direkte årsaka til at partiet sprakk i 1991, og at Raud Valallianse lausreiv seg og vart erklært som sjølvstendig parti.

Vidare utover på 90-talet stod det framleis kamp om ein skulle halda oppe eit kommunistisk parti og sereigen kommunistisk organisering i Noreg. Denne kampen stod ikkje først og framst mellom AKP og RV, men gjekk på tvers av desse partia  og andre mindre organisasjonar med det same uttalte målet. Det interne ordskiftet i båe organisasjonane vart meir  og meir prega av praktiske spørsmål, og i mindre grad av politisk teori og ideologi. I denne perioden gjekk so godt som alle ordskifte omkring taktiske spørsmål og konkrete liner for dagskampen, og dei strategiske spørsmåla var heilt fråverande.  Vidare gjekk dei fleste av desse diskusjonane kring dagskampspørsmål  berre i den sentrale partileiinga, kor òg all politikken vart utforma,  og partilaga vart mest heilt tømde for politiske oppgåver. I denne perioden vart den demokratiske sentralismen i røynda heilt fjerna som organisasjonsform i AKP, og vart erstatta av ein byråkratisk sentralisme heilt styrt av partileiinga. Partileiinga gav utover på 90-talet opp forsvaret av båe kommunistiske prinsipp og organisasjonsform, og partiet fungerte mest som ein sentralt styrd front for dei ulike klassekampavsnitta. Alle politiske avskuggingar frå  reformistar og revisjonistar til kommunistar var organisert i det same partiet, noko som synte seg i alle dei taktiske manøvrane  og kompromissa som vart resultatet av partileiinga sitt arbeid for at partiet ikkje skulle sprekkja. Eit område dette likevel synte seg tydeleg på, var innanfor ungdomsarbeidet, kor partileiinga sitt overordna mål med å halda Raud Ungdom saman som ein organisasjon for einkvar pris, førte med seg store personlege kostnader for kommunistane i organisasjonen, samstundes med at den politiske utviklinga i RU sentralt fekk gå i klår reformistisk og tidvis rein sosialdemokratisk lei.

Av konkrete arbeidsoppgåver heldt RV seg mest til valkamp og parlamentarisk arbeid, og AKP arbeidde mest med å freista byggja eigen organisasjon ved stadige vervekampanjar og ved freistnader på å endra kursen i avisa  Klassekampen. Dette lukkast berre i liten grad, og etter kvart gav partileiinga i AKP som ein logisk konsekvens av forfallet og opportunismen i organisasjonsspørsmål opp heile partiprosjektet og valde leggja ned både partiet og dimed freistnaden på å halda oppe ei form for kommunistisk organisering  og strategi i Noreg.

I dag står me på mange vis i same situasjon som dei ulike ml-gruppene som kjempa mot reformismen og revisjonismen på 60- og 70-talet. Òg no gjeld det å sameina ml-kraftene ideologisk og organisatorisk med eit kampparti av og for arbeidarklassen – eit einskapeleg kommunistisk parti – som målsetnad. Kommunistisk plattform er uttrykk for at kommunistar aldri gjer opp kampen for sjølvstendig organisering på marxist-leninistisk grunnlag. I den prosessen vil me ta lærdom av dei mange erfaringane frå AKPs vekst og fall gjennom 35 år. 

Personvernmelding