Hans Petter Sjøli kommenterer 28. mai den norske utgjevinga av boka om Blekingegadebanden under overskrifta «Den rasjonelle absurditet». Han går med rette til felts mot idealisering av den sekteriske gruppa kring Gottfred Appel som tydde til bankran og førebudde individuelle terrorhandlingar i mistydd solidaritet med palestinarane sin kamp mot Israels statsterror. Den veldige mediemerksemda vi i dag ser rundt denne gamle historia, er neppe tilfeldig, i ei tid der både det danske og norske overvakingsapparatet mot eigne innbyggarar vert trappa opp.

Appel kalla seg marxist, men bygde på eit idealistisk og subjektivt vrengebilete av marxismen og maoismen. Han var influert av Guevaras foco-teoriar og idear om at imperialismen måtte omringast av dei fattige og undertrykte landa, av di agitasjon for revolusjon i dei imperialistiske landa skulle vere bortkasta. Han avskreiv arbeidarklassa si rolle i land som til dømes Danmark – av di ho, i Appels hovud, som heilskap var borgarleggjort og «oppkjøpt». Mens dagens reformistar og revisjonistar identifiserer arbeidararistokratiet med arbeidarklassa, identifiserte Appel arbeidarklassa som heilskap med arbeidararistokratiet. Vona låg for han berre i den tredje verda sin kamp mot imperialismen. Gjennom ein sjølvoppnemnt militær elite skulle fattigbøndene leiast til kamp mot røkla, om ein vil; om lag som dei russiske narodnikane og sosialrevolusjonære rundt førre hundreårsskifte. Konsekvensen av dette idealistiske verdsbildet var ei politisk line som var beinveges kontrarevolusjonær og anti-marxistisk. Appell si line vart eit kjærkome «argument» for intensivert politisk overvaking og undertrykking frå den borgarlege staten si side.

 

Sjøli formidlar delar av dette biletet, men klarer ikkje å motstå freistinga til å slå eit slag for det antikommunistiske hovudprosjektet sitt gjennom å blanda fugl og fisk: «Selv i dag uttrykkes en viss fascinasjon for bandens gjerninger i såkalte autonome miljøer i Danmark, og i Norge hevder fortsatt minigrupperinger at Stalins hovedside var god.» Å knyte Stalins namn til ei småborgarleg sekterisk retning som sett arbeidarklassa sin kamp på sidelina, er ei oppvisning i irrasjonalitet. Ikkje noko ville vore fjernare for Stalin, Lenin eller Mao enn å lovprise individuell terrorisme, faktisk brukte dei to fyrstnemnde tiår på å kjempa ned dei russiske sosialrevolusjonære og terroristane som på elitistisk vis skulle «vekkja bondemassane». Men historiske kjensgjerningar er naturlegvis inga hindring for den som vil gje Stalin og kommunistane skulda for alt som er vondt og vanskeleg her i verda.

 

Det hjelp lite at herr Sjøli freistar å gardera seg med at «en skal vokte seg vel for billige poenger». Billegare enn dette vert det ikkje.

 

Innlegget er trykt i Klassekampen 09.06.08

Personvernmelding