Det er lokalval i Noreg, det har nok alle fått med seg. Politikarane byr over kvarandre, stort sett i saker som staten, ikkje kommunane, rår over. Kjensla av avmakt hjå folk flest har vakse fram meir og meir, noko dalande valdeltaking syner – særskilt mellom dei unge. I 2003 røysta 53,9 %, og talet har ikkje vore lågare sidan 1922.

Valkampen er prega av barnehagar, eldreomsorg, sjukehus og miljø. Gong på gong lovar politikarane store satsingar, men leverer lite. Dei raudgrøne er ikkje noko unnatak. Når so media gjev oss rumpa til Fabian og  Frp og Diffens litt lettvinte omgang med skatten sin, pluss litt svart arbeid her og der, er SVs si løysing på politikarforakt å tvinga oss til å røyste.

Kapitalen sine leigesoldatar

Men det er berre ein liten del av forklaringa på kvifor folk ikkje røystar. Politikarforakt og låg valdeltaking er eit sunt teikn, og det ville vore meir å uroa seg over om det ikkje var slik. For er det politikarane som styrer, eller kan dei berre gjere det kapitalen lét dei gjere? Er det ikkje òg slik at vi ikkje har noko parti som røynleg utfordrar kapitalstyret? Vi trur svara på desse to spørsmåla er den viktigaste grunnen til at folk ikkje røystar.

Vi skal ikkje gå inn på nokon djup analyse av kapitalismen og kvifor staten (og kommunane) er borgarskapen sine fremste verkty. Sjå berre på oljefondet til Kristin. Ho ville ikkje ein gong nytta heile rommet som stortingspartia sin ”handlingsregel” gjev til å investera i velferd av omsyn til inflasjonen! Er det rett at tusenvis av milliardar av folket sine pengar skal nyttast til å støtte opp om aggressive konsern og kriminelle regime? Til å undertrykkje folk i fattigare land og utbytta arbeidarane der? Noko å tenkja på før du røystar på SV, om ikkje Ørnhøi si våpenlobbing for  wallenbergarane alt skulle ha fått deg til å tenkja deg om. Ein grøn miljøprofil er vel og  bra, men la deg ikkje lure, SV kjempar snart like godt for kapitalen som Ap. Høgre, Frp og Ap lobbar for amerikanske Lockheed Martin, so den moralske harmen deira verkar lite truverdig.

Ute i kommunane freistar velmeinande lokalpolitikarar å kjempa mot statleg styring og altfor tronge budsjett. Om ikkje pengemangelen eller politisk krangling stoppar gode tiltak, gjer EØS-avtala det. Når dei ikkje kan prioritera lokale firma for å auka talet på arbeidsplassar og skatteinngangen, når dei må tilpassa seg meiningslause standardar som gjer livet og arbeidet til folk vanskelegare, når staten ikkje får gje den støtta som er naudsynt, då har ”nokon” gjeve bort sjølvråderetten vår, og det skjedde 16. oktober 1992. SSB reknar ut at vi tener 0,77 % på handelsreglane i EØS og WTO. Då er det ikkje lenger nokon grunn til å gje frå oss sjølvstendet, om ikkje motivet er noko heilt anna.

Éin grunn til å røysta på Raudt

Men vi har jo Raudt/RV! Vil ikkje dei mørkeraude ordna opp? Sanninga er nok diverre at raudfargen har vorte bleikare med åra, og det er knapt mogleg å skilja dei som kallar seg revolusjonære i RV, frå dei i SV som ”styrer” kapitalen. Vi  har teke opp programmet til Raudt før, og vi skal ikkje gjenta alt vi meiner er gale med det ”nye” partiet Raudt. Programmet og utspela til Raudt er eigna til å få folk til å tru at dei kan spela ei viktig rolle andsynes dei andre partia. Samstundes er Raudt tatt inn i varmen som eit uoffisielt støtteparti for dei raudgrøne i Bergen og andre stader. Dette er dei same folka som la ned eit tilnærma kommunistisk parti for å byggja eit parti som liknar mest på SV på 70-talet.

Raudt har ambisjonar om å verta eit raudt venstrekorrektiv til Ap/SV, slik SV før har vore i høve til Ap. Det kan godt resultera i fleire røyster, men gjev ikkje meir sosialisme. Like lite som SV si nyare historie har gjort det. Lille Raudt skil seg vesentleg frå dei andre partia på eitt punkt; motstanden mot imperialismen og USA-diktaturet. Raudt er eit godt val for antiimperialistar. Noreg er ein villig og klar støttespelar for Bush og dei korrupte venene hans, og norske politikarar frå alle stortingspartia er medskuldige i krigsbrotsverk både gjennom Nato og direkte USA-samarbeid, men òg gjennom norsk deltaking i åtakskrig i Afghanistan og aktiv støtte til USA si «stabilisering» av det okkuperte Irak. Serskilt viktig er det at Noreg har spesialsoldatar som spelar ei nøkkelrolle i Afghanistan, utan at folk og dei fleste politikarar i Noreg får vita kva dei gjer og kor dei gjer det. For ikkje å nemna krigsprofitten Statoil, Kværner med fleire håvar inn. Det var ikkje berre Bondevik som var krigshissar, dei raudgrøne fører same politikken.

Det røynlege valet – opprør

Å røysta ved valet gjer ikkje noko med fattigdomen, korkje her eller i andre land. Pensjonane vert ikkje kutta mindre, rasismen vert ikkje borte, kvinneundertrykkinga vert ikkje mindre. Raudt vil ikkje kutta i ”velferda” og dei vil ikkje stø imperialismen i USA eller EU. Det er bra. Men eit røynleg sosialistisk og revolusjonært parti må nytta valet til å få fram at ikkje noko vil endrast grunnleggande, og at sjølv ei positiv velferdsreform berre er av førebels natur so lenge arbeidarklassen ikkje samlar seg om å konfrontera det kapitalistiske systemet og reisa si eiga klassemakt. I staden lèt RV som om det er fullt mogleg å attreisa velferda, å verta kvitt fattigdomen, å velja ein annan og antiamerikansk kurs innanfor NATO osb. berre det rår ”politisk vilje” til å reformera kapitalismen. Med slike eventyr freistar RV  – og for den saks skuld NKP – få folk til å tru at ein demokratisert kapitalisme skal opna opp for eit ”sosialistisk folkestyre” eller ”eit antimonopolistisk demokrati”.

Det einaste valet folk har, er å gjera opprør og avskaffa kapitalismen gjennom ein sosialistisk revolusjon. Det vil fyrst skje når arbeidarklassen vert medviten oppgåva si og ikkje lenger lèt seg styra og utbytta. Slik sett er valdeltaking og valresultat ein gradmålar på vilje og evna hjå klassen til å reise spørsmålet om samfunnsmakta, men heller ikkje meir. Valet står ikkje 10. september mellom kl. 09 og 20, men når som helst.

Det er viktig å sørgja for at andre røyster enn kapitalen sine basunar i dei andre partia kan høyrest, og det er den einaste grunnen til å røysta ved dette valet.