Raudt AU har i ei pressemelding 26.11.08, òg trykt i Klassekampen, kravd at Noreg skal senda soldatar og anna personell til SN-styrken i DR Kongo, nærare sagt dei som skal avløysa soldatane Noreg har i Afghanistan. Oppgåva er å hjelpa flyktningane i landet; ei god, humanistisk gjerning.

Som alle veit, er SN dominert av dei store imperialistlanda, gjennom tryggingsrådet. At SN, dominert av dei landa som er skuld i krigen, no skal redda flyktningane, med eller utan eit meir eller mindre imperialistisk Noreg, verkar lite truverdig.

Storbritannia og Frankrike vil senda soldatar under EU-flagg, USA vil òg, utan at det er klart om det er NATO eller SN som skal vera deira jakkemerke, sjølv om USA alt stør Rwanda-regimet som igjen stør Nkunda og hans CNDP. SN (med franske og britiske styrkar) var passive tilskodarar til folkemordet i Rwanda og Burundi. SNs rolle i det tidlegare Jugoslavia var heller ingen humanistisk dåd. Og SN-soldatane sine kjøp av seksuelle tenester frå barn i Afrika er overgrep av verste sort. SN-styrken i Kongo er alt no den største i verda, utan at det har vore til mykje hjelp for flyktningane.

Raudt har tidlegare vore det einaste konsekvent antiimperialistiske partiet som stiller til val, og for mange kommunistar har det vore den einaste grunnen til å røysta på eit elles reformistisk parti. Men eit parti utan ei revolusjonær forståing av det imperialistiske Noreg kan ikkje halda seg lenge på den rette vegen i andre spørsmål. Vi vel enn so lenge å tru at dette er eit utslag av naivitet og eit feilskjær grunna vanlege illusjonar om SNs upartiske rolle. At det skulle vera ein god strategi for å få Noreg til å trekkja seg ut av Afghanistan, er heller ikkje truleg. Norske styrkar vert sendt dit norsk og vestleg imperialisme finn det tenleg, det er ”barnelærdom”. At dei vil vera noko betre i Kongo enn i Afghanistan, er ynsketenking.

Vi vil stø alle antiimperialistiske krafter som vil kjempa for det kongolesiske folket sitt sjølvstende i høve til nabolanda og mot innblanding og utplyndring frå imperialistmaktene, men ikkje USA og EUs leigesoldat SN.

Innlegget er nekta inntatt i Klassekampen.

Personvernmelding