Fri informasjonsflyt - rett inn i registraEUs datalagringsdirektiv er kome til Noreg, og sjeldan har vi sett meir tverrpolitisk motstand mot eit EU-direktiv. Det er bra, men so er òg dette direktivet noko alle bør kunne sameinast mot.

Det skal påleggjast nettoperatørane, både på fasttelefon-, mobil- og internettmarknaden, å lagra trafikkdata i minst seks månader, maksimalt 24. Dei skal registrera mottakar og avsendar på e-post, tekstmeldingar og mobilsamtalar, og dei skal registrera kvar vi er når vi sender eller pratar med nokon. Det einaste som ikkje skal registrerast, er innhaldet.

For det fyrste bryt dette med prinsippet om at alle er uskuldig inntil det motsette er bevist. For det andre er det eit stort steg i retning eit overvakingssamfunn vi ikkje vil ha, og dei tekniske tilhøve legg til rette for at denne overvakinga kan verta mykje meir omfemnande enn nokon annan gong i soga.

 

Forsvararane av direktivet, i all hovudsak «Arbeidar»partiet og delar av politiet, seier det er trygt. Informasjonen skal berre leverast ut der det er grunn til mistanke. Og at det òg i dag er høve til slik registrering. Saka er at det i dag berre er lov å overvaka nokon etter rettsleg kjenning. Med direktivet vert alle overvaka. Vi veit at det er sers ulik praksis hjå operatørane når det gjeld å utlevera data, og det er ingen grunn til å tru at desse registra vert tryggare med direktivet.

 

Noreg er knytt til Schengen-avtala og mange, mange andre bilaterale samarbeid om utveksling av informasjon og register med både EU og USA. Kor lett vert det ikkje at all informasjonen om kven vi snakkar med og kor vi er når vi gjer det, kjem på avvegar? Ikkje berre til politi og styresmakter i andre land, men gjennom lekkasjar frå til dømes dei tilsette i dei ulike selskapa. Politisk overvaking skjer, og det er ikkje vanskeleg å tenkja seg andre politiske tilhøve kor slik informasjon kan misbrukast av eit mindre demokratisk regime enn det vi har i dag, sjølv om demokratiet òg no berre er ein rett vi har når det passar kapitalen. Det er grunn til minna om at alle vi som går med mobil på oss, kan lokaliserast gjennom kva basestasjon mobilen er nytt til, anten vi nyttar telefonen eller ikkje.

 

Det vi veit er at det kjem til å kosta mykje å henta inn og lagra alle desse dataa. Denne kostnaden må operatørane ta, det vil sjølvsagt seia kundane.

 

Berre «Arbeidar»-partiet av dei politiske partia forsvarar direktivet. Høgre er rett nok delt mellom dei som er mot, og dei som er redd for å seia nei til eit EØS-direktiv. Det er gledeleg at til og med Krf – EØS-avtala si fremste forsvararar – seier nei til datalagringsdirektivet. Aksjonen Stopp datalagringsdirektivet er brei og kraftfull med styremedlemer frå Frp og Raudt, frå Nei til EU og Europabevegelsen, og det er for fyrste gong ei von å få stoppa eit direktiv som er til skade for norske innbyggarar. Det står på politisk mot, det er den einaste grunnen til å vera skeptisk til om det vil verta eit nei. Men det finst heller ingen grunn til å seia ja og amen til endå eit diktat frå EU.

For å støtta Stopp datalagringsdirektivet, gå til http://stoppdld.no

Personvernmelding