Storebror seg degDet klåraste dømet på den skjerpa overvakinga i det norske samfunnet, er dei sterkt utvida fullmaktene som politiet og etterrettingsorgana har fått til taktisk, teknisk og digital overvaking med heimel i endringar i straffeprosesslova og politilova frå 2005.  Desse endringane er det fyrste konkrete dømet på arbeidet til det sokalla «metodeutvalet»  si innstilling som starta utgreiing av nye og meir omfemnande etterforskingsmetodar for politiet og overvakingstenesta alt på midten av 90-talet, og som gav si innstilling i 1997 (NOU 1997:15). Dette arbeidet, som alle ser hadde starta lenge før 11.09.2001, fekk etter dette terroråtaket kraftig ideologisk vind i segla og skaut dimed ytterlegare fart. Det siste serleg etter påtrykk frå USA, m.a. i Sameinte Nasjonar og EU, som straks sette i gang arbeid  med omfattande lov- og direktivendringar som gjekk på alle aspekt som kunne kallast terror – i deira auge.

Terrorparagrafen

Som eit resultat av dette vart òg den sokalla «terrorparagrafen», § 147a og § 147b,  teke inn i straffelova. Denne paragrafen er ein heller ålmenn utforma regel, som både går på planlegging og gjennomføring av ei rad terrorhandlingar, som brannstifting, bombeåtak, osb., samt andre tilhøve som staten ynskjer verja seg mot. Litra b i same paragrafen går på finansiering av same. Det heiter m.a. i lova at «Det kan også ansees som terror når en handling tar sikte på å forstyrre alvorlig en funksjon av grunnleggende betydning i samfunnet, som for eksempel lovgivende, utøvende eller dømmende myndighet, eller å skape alvorlig frykt i en befolkning». Ved sidan av reine terroråtak, kan denne lova soleis òg nyttast mot politisk verksemd og politiske haldningar som den borgarlege staten ynskjer å slå ned på.

PST ser deg

Samstundes med dette har Stortinget løyvd store pengesummar til sikring av «seg og sine» mot terror,  ved å løyva fleire hundre millionar kroner over fleire år til tekniske og bygningsmessige tryggingstiltak på Stortinget, regjeringskvartalet, ved einskilde av Forsvaret sine anlegg og ved den nye statsministerbustaden som skal takast i bruk i løpet av hausten 2008. Dette vil ved sidan av å styrkja dei eksisterande tilgangskontroll- og overvakingstiltaka i desse bygningane i vesentleg grad,  samstundes få konsekvensar utover dette. Til dømes vil den omfattande kameraovervakinga ved og rundt desse bygga òg kunne nyttast i høve til personar, bilar og politiske demonstrasjonar som passerer eller oppheld seg i  nærleiken av dei. Det er i denne samanhengen ikkje vanskeleg å tenkja seg at politiet og PST vil få sers lett tilgang til den store mengda med videolagra informasjon som vert framskaffa og lagra på desse stadene, sokalla «overskotsinformasjon».

Den endringa i straffeloven som spesifikt går på førebuing eller gjennomføring av terrorhandlingar, strl. § 147a, vart nyleg prøvd i Oslo tingrett i saka mot Arfan Bhatti og to andre, med det resultat at påtalemakta tapte (i alle høve fyrste runde).  Bhatti vart frikjend for dei skuldingane som gjekk etter § 147a, og dei to medtiltalte vart heilt frikjend for alle skuldingar. Denne frikjenninga fekk fleire personar, som m.a. den amerikanske ambassadøren i Noreg, til å uttala at det kunne sjå ut til at den norske staten ikkje hadde gode nok verkty når det galdt å handtera desse spørsmåla.

EUs datalagringsdirektiv

Norske styresmakter legg seg òg her tett opp til EU og EU sine terrorlover, ved å ville implementera EU sitt datalagringsdirektiv (2006/24/EF) i norsk lov som ein del av EØS-avtala. Dette er eit sers vidfemnande direktiv, som vil påleggja alle internett- og teleselskap å lagra informasjon om all trafikk- og lokaliseringsdata, ip-adresser, tidspunkt for på- og avlogging, geografisk lokalisering, tidspunkt og lengde på telefonsamtaler, avsendar og mottakar av e-post og sms, i minimum seks og  i maksimum 24 månader. Dette har ført til eit visst ordskifte, og både Nei til EU og Datatilsynet ved sin leiar Georg Apenes har gått hardt ut mot dette direktivet. Apenes karakteriserte heile direktivet som «totalitært svermeri» i Dagbladet i desember 2006. Datatilsynet uttrykte frykt for at det ville oppstå hundrevis av «små politiregister» hjå internettleverandørar og teleselskap og ser på direktivet som eit brot på hevdvunne rettsprinsipp. Dette datalagringsdirektivet er eit alvorleg inngrep i innbyggarane sin rett til privatliv og privat kommunikasjon, samstundes som det i liten grad vil hindra terroristar og andre kriminelle frå å utføra ugjerningane sine.

Styresmaktene sin tilgang til slik informasjon er i Noreg i dag basert på eit etterforskingsprinsipp, det vil seia at det må liggje føre grunngjeven mistanke om alvorlege kriminelle tilhøve med ei viss strafferåme, før slik informasjon kan krevjast innhenta. Dataregister med personopplysningar og videoopptak gjort frå og i bygg i det offentlege rom, er det i dag krav om serskilt konsesjon frå Datatilsynet i Noreg for å kunne ha. Samstundes er dei verksemdene som har slike register, forplikta til å sletta den lagra informasjonen når dømesvis fakturaen til telefon- eller internettabonnenten er betald. Når det gjeld videolagra informasjon, skal denne som hovudregel slettast etter maksimum 30 dagar, om han då ikkje inneheld  prov på konkrete brotsverk og slik skal nyttast som etterforskingsverkty eller prov i ei kriminalsak. Det grunnleggande nye ved datalagringsdirektivet til EU er at all informasjon om kontakt mellom menneske som ikkje har gjort noko gale, skal lagrast i opptil to år, for det tilfelle at dei skulle gjera noko alvorleg gale på eit seinare tidspunkt!

Samordning av registra

Det skjer ei stadig sterkare samordning av personopplysningar i internasjonale og norske register og databasar som samlar på elektronisk informasjon og dei ulike elektroniske spora som den einskilde etterlet seg. Desse registra er heller ikkje berre i offentleg eige, men finst òg i stor grad hjå bankar, teleoperatørar, reisebyrå, transportverksemder, private vaktselskap og bomringfirma, for berre å nemna nokre aktørar på denne private database- og (potensielle) overvakingsmarknaden.

Eit aktuelt og konkret døme på denne samordninga av til dels sensitive personopplysningar, er den oppsamlinga av informasjon om arbeid, trygd, ymse sosiale ytingar og familietilhøve som skjer i regi av NAV. Omtrent alle innbyggarar i Noreg er i NAV sine register på eit eller anna vis, og halde saman med t.d. skatteetaten sine register og politiet sine ulike register, kan dette lett føra til ei tilnærma fullstendig samling av opplysningar om kvar einskild person i landet.

Ein faktor her er at slike databasar med personopplysningar òg kan misbrukast av utru tenarar innanfor systemet, eller hackast inn på og misbrukast av personar med kriminelle siktemål.

Alt i eit overvakingssamfunn

Direktør Georg Apenes i Datatilsynet uttala nyleg i eit ordskifte at «det ikke lenger er spørsmål om Norge er på vei mot et overvåkningssamfunn, vi er allerede i et overvåkningssamfunn».

Under skjerpa samfunnsmessige tilhøve kan samordning av ulike registrerte data om kvar einskild person soleis brukast og misbrukast til kva som helst. Den informasjonen som samlast inn til eitt føremål og  «med dei beste siktemål» i dag, kan soleis verta misbrukt til noko heilt anna i framtida. Den elektroniske informasjonen som me etterlet oss vil ikkje verta borte.

Revolusjon nr. 36Artikkelen er henta frå det ferske nummeret av ml-tidsskriftet Revolusjon, som KPml står som utgjevar av.
Gå til revolusjon.no for å lesa meir om innhaldet i dette nummeret.

 

Personvernmelding