Raudt har gjennomført sitt første ordinære landsmøte. Møtelyden har samla seg mot ein sams fiende – Ten folket – i staden for å konsentrera seg om å styrkja partiet fram mot valkampen neste haust. Og som venta går partiet mot høgre for å få innpass i det gode, parlamentariske selskap.

”Brei” leiing, men breidde for kven?

Leiinga som vart vald på landsmøtet, er prega av høgresida i partiet. Seks har teke attval frå det førre arbeidsutvalet (AU), medan Raud Ungdom er godt representert ved at både avgått leiar, Mimir Kristjansson, tidlegare leiar i Sandefjord RU, Frida Rusnak, og leiar Mari Eifring tek plass der. I tillegg har dei vald inn trotskisten Vegard Velle frå Internasjonale Sosialister som siste medlem.

Når aktivistar kasta griseblod og klistra plakatar på SV-kontoret i Bergen for å setja søkjeljoset på SV som deltakar i den norske, imperialistiske krigsforbrytarregjeringa, tok både Raudt og Raud Ungdom avstand frå aksjonen. Sjølvsagt, SV er jo Raudt sine kameratar i den sokalla antikrigsfronten, som SV har ettertrykkeleg kastrert.

Kva skal ein bruka tida på?

På landsmøtet gjekk mykje av tida med på å diskutera den marxist-leninistiske grupperinga Ten folket opp, ned og i mente, jamvel om talspersonen deira vart ekskludert på landsstyremøtet dagen i forvegen. Det heile endte opp med at det framleis skal vera lov å vera medlem av TF (eller andre grupperingar) i Raudt, men at ei fråsegn som liknar den Raud Ungdom vedtok på sitt landsmøte i mars vart vedteke:

”Gruppa Tjen Folket er ikke en del av Rødt, den har en praksis som skiller seg skarpt fra Rødts, og den opptrer offentlig mot det Rødt står for og arbeider for på vesentlige områder.
Rødt er ingen "valgfront", men et revolusjonært parti.
Medlemmer av Rødt som også er med i Tjen Folket, og som i tida framover velger å opptre mot Rødt i det offentlige rom, og som arbeider aktivt for å bygge et annet parti enn Rødt, oppfordres til å forlate Rødt.”

Raud Valallianse var på sitt beste eit opprørsk alternativ når ein skulle røysta. AKP var ein gong eit kommunistparti med ein sterk og aktiv organisasjon. Raudt er korkje det eine eller det andre, det er rett og slett ubrukeleg.

Kommunistar i Noreg må no konsentrera seg om å byggja eit nytt kommunistparti, ikkje å bera ved og vatn for reformistane i Raudt, slik at dei kan få endå større innflytnad over partiet. Dette arbeidet byrja for lenge sidan, men vi treng framleis deg, kamerat!

NKS 05.06.08