Kom på sommerleir!

Bondeopprør har lange tradisjonar i Noreg. No er det ikkje lengre kamp mot kongemakt el framandvelde slik som i tidlegare tider, men motstand mot den raudgrøne Stoltenbergregjeringa som opptek bøndene.

Bønder aksjonerer fleire stader i landet, mellom anna med blokader med traktorKjerneveljarane til alle dei tre regjeringspartia har no i tur og orden vendt seg mot det som skulle vera deira eiga regjering. Fyrst ute var Nato - og krigsmotstandarane i SV som vart skuffa over at regjeringa deira syna seg å vera ei krigsregjering. Dinest fylgde store delar av LO-medlemene og tillitsmannssjiktet der, som ikkje ville vera med på sosial dumping grunngjeve med EU- og EØS -direktiv. No er det bøndene som seier frå med stormønstring mot staten sitt framlegg til jordbruksoppgjer. Bøndene har heller ikkje fått innfridd løftene om inntektsutjamning, og når Stoltenbergregjeringa driv med taljuks framfor ope kamera vert dei rimelegvis rasande.

Bakteppet for bøndene sine aksjonar er i tillegg til at regjeringa ikkje held løftene om inntektsjustering, at eitt av tre gardsbruk er nedlagte sidan 1999, at antal årsverk i landbruket er halvert på 30 år, og at jordbruksarealet i drift er redusert med 340 000 dekar på 10 år, medan fulldyrka jordbruksareal (jord som kan pløyast og nyttast til dyrking av ulike vekstar avhengig av klimatiske tilhøve) er redusert med 500 000 dekar i same tidsrom.

Små bruk vert lagt ned i stor skala, og dette førar til at mindre areal vert nytta til matproduksjon her til lands, - i ei verd kor tusenar svelt ihjel. Dette synar seg m.a. ved at gjennomsnittleg storleik på dyrka mark pr landbrukseigedom i Noreg har auka frå 76 dekar til 218 dekar på 20 år, - det er i røynda nesten inga små bruk att anna enn på vestlandet og i nord-Noreg. Avsidesliggjande og små jorder vert som ein konsekvens av dette liggjande brakk og ikkje lengre nytta til matproduksjon. Berre 1 % av norsk landareal er no dyrka mark, medan eit meir intensivt, effektivt og industrielt prega landbruk allikevel førar til at antal kg korn, potet og kjøt held seg på same nivå som på 1990-talet.

Det intensive og industrielle landbruket førar imidlertid til utarming av jorda, til skilnad frå vekselbruket (korn nokre år, potet/rotvekstar nokre år, gras nokre år, osb) som var vanleg tidlegare, og dimed til lågare matproduksjon pr dekar på sikt. Dette rimar dårleg med Stoltenbergregjeringa si offisielle målsetting om at norsk matproduksjon skal aukast med 20% innan 2030.

Det er i denne samanhengen også verd å merke seg at bøndene har fått støtte frå forbundsleiaren i NNN (Norsk nærings -og nytelsesmiddelarbeiderforbund) , Jan-Egil Pedersen, i sine krav om inntektsutjamning. Pedersen ser at arbeidsplassane innan næringsmiddelindustrien står i fare om utviklinga innan norsk landbruk held fram som i dag. Samstundes er media av alle slag fulle av hets mot bøndene, m.a. med påstandar om at det er bøndene si skuld at maten i Noreg er so dyr.

Faktum her er at det er dei fire store daglegvaremonopola og næringsmiddelindustrien, med kapitalistar som RIMI- Hagen og REMA-Reitan i spissen, som stikk av med fortenesta innan matvaresalet, - og ikkje bøndene. På same vis som leiaren i NNN synar med sitt utspel, so fortener bøndene solidaritet og støtte frå arbeidarklassen og alle progressive i sin rettvise kamp for betre inntekter og rammevilkår.

Personvernmelding