Lenin rydder veiKommunistisk plattform feira nittiårsjubileet for Oktober med ope møte 6. november, dagen før den eigentlege årsdagen. Kring tjue personar møtte fram for å læra meir om kva lærdomar vi som kommunistar i dag, kan ta med oss frå den russiske revolusjonen.

Møtet vart starta med å syna fram litt frå Eisensteins film ”Oktober” frå 1927. Jan R. Steinholt frå KPml innleidde om Oktoberrevolusjonen. Som dei viktigaste lærdomane, trekte han fram at arbeidarklassen må byggja si eiga statsmakt, proletariatets diktatur, at det er fullt mogleg å avskaffe utbytarklassane, og at det er naudsynt å byggja sosialismen sitt økonomiske fundament, òg i eitt enkelt land. Steinholt la òg vekt på at borgarskapen og imperialismen vil nytta absolutt alle midlar for å knusa sosialismen, men at den aller farlegaste fienden kjem innanfrå: Klassekampen vert skjerpa under sosialismen.

Innleiaren streka særskilt under kor naudsynt det er at kommunistar og alle progressive sleg ring kring arbeidarklassen sine kollektive røynsler og forsvarar historia vår. Etter revisjonismen si undergraving av sosialismen og den kommunistiske verdsrørsla og eige samanbrot, har vi gått inn i ei mørketid der dei reaksjonære no våger gå til ope åtak på arbeidarane sine rettar,  òg i Europa, sa han. No freistar dei jamvel å kriminalisera alt som smakar av kommunisme, slik dei alt har gjort i t.d. Tsjekkia og Ungarn. Det vert ein dyr pris om vi skal måtte gjere alle klassen sine gamle røynsler om att, slutta Steinholt.

Møtet vart avslutta med eit godt ordskifte. So vidt vi har konstatert, var det ingen andre som markerte nittiårsjubileet for verdas fyrste, proletariske revolusjon.

Personvernmelding