Antalet arbeidslause stig i Noreg. Iflg dei seinaste offentleggjorte tala frå arbeidskraftundersøkinga utarbeida av SSB for fyrste kvartal 2015, er det no 118 000 arbeidslause her i landet. Dette er 4,1 % av arbeidsstyrken.

I aldersgruppa mellom 15 og 24 år er det 9,4 % arbeidslause.

I tillegg er det 73 000 som iflg SSB sin statistikk er sokalt undersysselsette, dei vil seia deltidssysselsette som freistar få lengre avtalt arbeidstid.

177 000 er iflg den same statistikken tilsette i mellombelse stillingar.

Størst auke i antalet arbeidslause er det i Rogaland, kor arbeidsløysa har stige med 49 % det siste året. Den aukande arbeidsløysa her har so langt mest råka ingeniørar, IKT-arbeidarar og industriarbeidarar med jobbar i tilknytning til oljeindustrien.

Denne utviklinga ser ut til å uroa leiaren i Norsk Industri, Stein Lier-Hansen, meir enn det uroar regjeringa Solberg. Lier-Hansen seier at om det ikkje vert iverksett tiltak vil det om kort tid vera 200 000 heilt arbeidslause i Noreg[1] .

Vi trur Lier-Hansen kan få rett. Sjølv om det aldri sia andre verdskrigen har vore so mange arbeidslause i Noreg som i dag kjem det ingen tiltak som kan snu utviklinga. Arbeidsløysa kjem til å bli brukt som reiskap for å tvinga arbeidsfolk til å akseptere lågare løn og tap av retter dei tidlegare har vunne i kamp.

 

Gjester

Vi har 175 gjester og ingen medlemmer på besøk.

Personvernmelding