Arbeidarane fekk kjempa gjennom tariffavtale etter trugsmål om streik.

Tariffavtale signert ved Odd Hansen AS.I firmaet Odd Hansen AS i Koparvik har dei 12 ansatte blitt nekta tariffavtale. Argumentasjonen frå bedriftsleiinga var at tariffavtale blir for dyrt når det er dårlege tider og krise i byggebransjen.
 
Dette er ein type argumentasjon som ikkje legg skjul på at leiinga ikkje synes noko om tariffavtale. Som kjent er ei tariffavtale det same som spelereglar, eit kjent system som sikrar både arbeidar og arbeidsgjevar noko å forholde seg til.
 
Dette siste angrepet på arbeidarane sine rettar føyer seg inn i ei lang rekke dei siste åra. Vi kan nemne havnearbeidarane sin kamp for tariffavtale. Forsøket på å frata dei ansatte hos «Expert» deira tariffavtale. Og no sist hotellarbeidarane sin kamp for lokal forhandlingsrett.
 
Det er stadig fleire fagorganiserte som erfarer at kapitalistane ikkje lenger respekterer kollektive avtaler. Det tyder at vi meir enn nokon gong treng ei kjempande fagrørsle. Når slike angrep dukkar opp er det rett å krevja at LO mobliserer heile sitt maktapparat og støttar arbeidarane. Kampmidlar må takast i bruk og LO må følge opp vedtaka frå Trondheimskonferansen 2016 som kravde nett dette.
 
Kort oppsummert, bruk kampmidlar. Det nytter. Samhaldet hos arbeidarane ved Odd Hansen AS og vilje til kamp førte til at arbeidsgjevar måte gi etter for kravet.
Gratulerer med sigeren.

Personvernmelding